Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fintrena på skruing og traff blink


Lars Andre Olsen er eit av Volda sine beste skyttartalent.


Lars Andre Olsen fekk valuta for treninga han hadde lagt ned i justering av siktet. Under skytestemnet på Vartdal slo han til og tok ein flott andreplass.

Lars Andre Olsen hadde fintrena på skruing og hadde bestemt seg for ikkje å skru seg bort slik som på Fiskå og Syvde. Han var likevel missfornøyd med sine 240 i Ørsta sjølv om det bare var 2 pong bak 2.-plassen. På Vartdal slo han derimot til og viste klasse med sine 246. Der fekk han andreplassen bak suverene Hanne Vangen frå Stranda. Hanne må nok vente seg kamp frå den karen i løpet av vinteren.


Runar Driveklepp fekk 241 på Vartdal og det er vi i skrivande stund ikkje sikre på om holdet til en første eller andre plass sidan også Monica Seterøy frå Langevåg fekk same sum. Vartdal har ennå ikkje lagt ut totalrangering.

I klasse 1 fekk Kaja Kalvatsvik Bolsø full klaff med sine 249 på Vartdal og ho vant også med 244 i Ørsta. I Ørsta var ho tett følgt av Oda som fekk 243.

Elles er Anita Lystad ifrå Hovdebygda og Ørsta i godt slag for tida og har 2 siste helgane vist en imponerande høy og stabil skyteform med 244p i Langevågen, 245p på Vartdal og heile 247p i Ålesund. I Ørsta vant ho med 243.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.