Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Til topps på Urørt

* Ida Glomnes har gjort det sterkt på musikknettsida Urørt. Foto: privat.

Ida Glomnes har dei siste vekene klatra til topps i listene på nettsida Urørt.

Ho nådde toppen av lista førre helg, og har halde seg i topp tre sidan.
- Dette var heilt uventa, seier Glomnes. For nokre veker sidan la ho ut tre av songane sine ut på nettsida Urørt, som er ei nettside der usignerte artistar kan leggje ut og spreie musikken sin. Nokre dagar seinare fekk ho vite at ho låg på nummer ni på singer/songwriter-lista. No har låtane «Windwaves» og «Cold as Snow» begge debutert på topplista til nettsida.
- Eg la berre ut songane tilfeldig, nærmast berre for å ha dei ein plass, fortel ho.

Urørt
Urørt er ein nettside der uetablerte band og artistar kan promotere og leggje ut musikken sin. Det er heilt gratis å laste ned songane som artistane legg ut, og den beste musikken blir plukka ut til speling på NRK P3. Kvart år blir det også arrangert ein konkurranse der Årets Urørt blir kåra. Fleire kjende norske artistar har fått eit gjennombrot gjennom nettsida. Døme på dette er mellom anna Donkeyboy, Side Brok, Ugress og Honningbarna.

The Voice
Ut på nyåret skal TV2 vise sitt nye talentprogram, «The Voice - Norges Beste Stemme». Dette er ei ny songkonkurranse der dommarane ikkje får sjå deltakarane, berre høyre dei. Fire kjende norske artistar, mellom andre Sondre Lerche, skal fungere som mentorar for deltakarane som kjem vidare, og konkurrere om å få fram den beste songaren. Glomnes har meldt seg på programmet med låtane «Windwaves» og «Cold as Snow», som er dei same låtane ho har hatt suksess med på Urørt. Songarane som skal vere med i programmet blir valt ut innan 19. oktober.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.