annonse

Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Glitrande opningskonsert

* Opningskonserten på torsdag hadde stort oppmøte.

Korkje mygg eller kulde hindra utescena på Ivar Aasen-tunet frå å bli overfylt med forventningsfulle tilhøyrarar då syskena Lars, Ole og Kari Bremnes hadde konsert torsdag kveld.

Elleve år etter deira førebels siste plate saman, fann Bremnes-syskena vegen til Aasen-tunet. Torsdag kveld blei publikum på Aasen-tunet servert varme tonar frå musikarar i toppklasse. I løpet av kvelden fekk vi høyre songar om alt frå store tema, som forboden kjærleik og å fylgje draumane sine, til meir trivielle saker, som skjora og fotplagget frå barndommen, «luggane». Humoristisk sceneshow og utmerka framføring av songane gjorde opningskvelden svært vellukka.

Viktige augneblink
Etter ein kort introduksjon av Aashild Widerøe, sette bandet i gong. Tidleg i programmet fekk vi høyre songen «Siste skoledag», som handla om å oppleve den siste skuledagen i den ti-årige grunnskulen. Lars Bremnes kommenterte at der var påfallande få songar som handla om slike viktige augneblink i livet, og han hadde difor skrive ein song om nettopp dette.

Forboden kjærleik
Dei tre syskena song om trivielle ting, men mørkare tema kjem òg fram. I ein av songane skildrar Kari Bremnes den forbodne kjærleiken mellom ei bygdejente og ein tyskar under okkupasjonen, og dei utfordringane dei møtte. I songen «Sjura» skildra Ola Bremnes den lure skjora. I denne songen viste samspelet seg på sitt beste, med afrikansk-inspirerte rytmar og heftige «duellar» mellom gitaristen og felespelaren. Ein annan song skildra redsla som eit bygdesamfunn opplever når dei årlege handelsskipa ikkje kjem når dei skal, og den store letta og gleda dei føler når dei endelig kjem.

Tett samspel
I tillegg til Lars, Ole og Kari Bremnes bestod bandet av Børge Petersen-Øverleir (gitar), Bengt Hanssen (tangentar), Gjermund Silset (bass), Martin Windstad (slagverk) og Nils Økland (fele). Saman baud bandet på tett samspel, imponerande solospeling, og eit svært organisk lydbilete. Bandet spelte ein fantastisk konsert, som enda med at publikum kravde ekstranummer. Og det fekk dei.

* F.v: Lars, Kari og Ola Bremnes.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.