Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Har store ambisjonar med Hauge-senteret

' Forfattaren og lyrikaren Olav H. Hauge og Direktør Ottar Grepstad

Nynorsk kultursentrum i Ørsta tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Målet er å kunne opne senteret hausten 2012.

Ved sida av å leggje grunnlaget for Språkåret 2013 blir utviklinga av Hauge-senteret den viktigaste oppgåva til Nynorsk kultursentrum dei neste åra. Olav H. Hauge-stiftinga har i ti år arbeidd for å etablere eit senter i forfattaren sitt namn i Ulvik. Styra i både Nynorsk kultursentrum og Olav H. Hauge-stiftinga har samrøystes godkjent avtalen om samanslåing og begge partar ventar seg mykje av denne fusjonen.
- Initiativet kom frå Ulvik og det er eit uttrykk for tillit som vi set pris på. Eg tenkjer då på at den geografiske avstaden ikkje har noko å seie for den faglege fellesskapen. Moglegheita til å kunne etablere og drive Hauge-senteret kan gjere oss til eit eineståande museum for språk og litteratur i Norden. Nynorsk kultursentrum er allereie det største litterære museet i Noreg, både når det gjeld fagmiljø og talet på tilsette. Med drifta av Hauge-senteret vil dette bli utvida, seier direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum.
Avtalen føreset at Ulvik herad, Hordaland fylkeskommune og staten gir dei økonomiske rammevilkåra som er nødvendige for å sikre ei forsvarleg drift av Hauge-senteret utan at dette går ut over andre delar av verksemda til Nynorsk kultursentrum. Difor tek Nynorsk kultursentrum no initiativet til fleirårige avtalar med både fylkeskommunen og kommunen.

Nynorsk kompetanse

- Vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil arbeide for å utvikle Hauge-senteret til eit tydeleg profilert og fagleg respektert litterært museum, seier Torunn Hovland Ljone som er styreleiar i Olav H. Hauge-stiftinga.
-Ein ting er at for å få statlege løyvingar må eit nytt prosjekt som vårt slåast saman med eksisterande museumsordningar. Men ein annan faktor er all den kompetansen Nynorsk kultursentrum kan tilføre. Vi har store ambisjonar for dette senteret og treng gode hjelparar. Nynorsk kultursentrum er i fremste rekkje når det gjeld nynorsk og vi veit at dei kan hjelpe oss og nå desse ambisjonane. Vi ser fram i mot samarbeidet, seier Ljone.

Internasjonale og nasjonale ambisjonar

Planane for eit dokumentasjons- og opplevingssenter over Hauges liv og verk er dei siste åra blitt utvikla i retning av å skape eit internasjonalt senter for lyrikk.
-Eg vil seie vi har eit godt utgangspunkt. Hauge omsette mykje utanlandsk lyrikk til norsk, mellom anna verk av W. B. Yeats og Bertolt Brecht. Han hadde og eit sterkt namn i fleire land og dikta hans blir stadig omsett til andre språk. Eg veit at Nynorsk kultursentrum set på ei god kompetanse, både innan administrasjon og det nynorske språk. Dei er knytte til fleire internasjonale og nasjonale kontaktar, og dette vil hjelpe Hauge-senteret til å nå sine ambisjonar om å bli eit internasjonalt senter for lyrikk, meiner Ljone.
-Vi tenkjer stort, men tek eit steg av gongen. Det er mange idear og omfatande planer vi må jobbe opp i mot. Hauge er oversatt til over 20 språk, no seinast til kinesisk i 2008, så det er store moglegheiter. Først må vi etablere oss nasjonalt, men ambisjonane er heilt klart å utvikle senteret internasjonalt, seier Ottar Grepstad.

Positivt

– Arbeidet med samanslåing har vore prega av gjensidig tillit og eit sterkt felles ønske om å få dette til. Det vil eg seie skil denne samanslåinga frå mange konfliktfylte samanslåingsprosessar i museums-Noreg det siste tiåret, meiner styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. Frå nyttår blir altså Olav H. Hauge-senteret ei avdeling i Nynorsk kultursentrum på linje med Ivar Aasen-tunet.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.