
Med ein slik miljøvennleg bil skal vi med godt klimasamvit køyre inn i framtida, reklamerer Ap-rådgjevar på Stortinget, Kjetil Hestad og ordførar Gudny Fagerhol. Hestad lovar at med meir Ap-politikk skal avgiftspolitikken endrast og det skal bli billegare å kjøpe slike miljøvennlege bilar.
Det må vere noko med ørstaordførarar og bilseljarar. Måndag viste ordførar Gudny Fagerhol at ho er like god som bilseljar som til å svinge ordførarklubba.
- Gløym dei forureiningsbombene du har køyrt rundt i til no. Ein herlegare køyretur enn i denne bilen, er ikkje muleg, konkluderte ho etter køyreturen med den Ap-merka hybridbilen.
Ap-ordførarane tok måndag fram bilen som døme på at aldri har det vore større trong for meir Ap-politikk enn no. – Vi kan ikkje halde fram å forureine med bilbruken vår slik vi har gjort, poengterte ho. Og saman rådgjevar for Ap på Stortinget, Kjetil Hestad, vart det miljøvennlege alternativet for framtida vist fram.
Arbeidarpartiet sentralt er saman med miljøstiftinga Zero i gang med å slå eit slag for meir miljøvennleg transport. I ein Ap-merka Toyota hybridbil har dei først køyrt frå Oslo til Stavanger. Og er no i gang med andre etappe til Trondheim. Og måndag vart bilen og politikken presentert i Ørsta.
Ordførar Fagerhol som køyrde bilen frå Volda til Ørsta, kunne forsikre at likare køyreoppleving er det ikkje muleg å få. Og når ein i tillegg køyrer så miljøvennleg som ein gjer med denne bilen, så er dette framtida, understreka dei.
Hestad kunne reklamere med at på turen frå Oslo har bilen i gjennomsnitt brukt 0,3 liter drivstoff på mila. Og minte om at då forureinar den med over eit tonn mindre enn det ein vanleg bil forureinar med.
- Noko av det vi har opplevd som svært positivt under denne fokuseringa på meir miljøvennleg transport, er at serleg ungdommen har vore så begeistra for bilen og for satsinga på miljø. Ungdommen verkar å vere meir oppteken av klimautfordringane enn eldre, og det verkar lovande for å få til forandring, meinte Ap-politikaren.
- Regjeringa kjem til å satse endå meir framover på å vri avgiftspolitikken slik at den i endå større grad enn til no stimulerer til overgang til ein mindre forureinande bilpark her i landet, sa Hestad, som ikkje kunne love at avgiftsletta for hybridbilar og andre typer miljøvennlege bilar, vil kome med ein gong. – Det er noko vi vil satse på gjennom ein gradvis overgang, sa han, utan å ville vere meir konkret.

