
Vartdal barnehage helsar kongeskipet velkomen til Vartdal.
Torsdag fekk Vartdal barnehage nyss i at kongeskipet var på veg inn Vartdalsfjorden. Tradisjonen tru samla barnehagen saman den eldste garden på 3-5 år og tok turen ned til kaia for å vinke og helse dei velkomne. Dei vart lønna med royale vafler om bord på skipet.
- Nokre gonger lurer gastane seg
til å vinke tilbake, og det synes vi er litt artig. Det er alltid like staseleg
når dei legg til kai, og det er særleg spanande når dei heiser alle flagga å
sjå om kongen og dronninga er om bord. Det er dei som regel ikkje, men vi fekk
seinare vite at Hennar Majestet var på jentetur til Geiranger, og på veg opp på
Skageflå medan kongeskipet tok sin faste tur innom Vartdal, fortal styrar ved
barnehagen Elin Førde.
Artikkelen held fram under fotoet.

Sjølv om kongeparet ikkje var
om bord var det stas å få servert royal saft og royale vaflar på kongeskipet.
Spesiell oppleving
- Vi nøyer oss som regel med å stå der
å vinke og beundre karane ved rekkene før vi tuslar oss tilbake til barnehagen,
men torsdag hende det noko spesielt. Ein av karane på båten kom nemleg ned til
oss og spurde om vi hadde lyst å komme om bord på vaflar og saft. Det hadde vi
sjølvsagt lyst til! Fortel Førde. - Då vi kom om bord hadde dei laga eit digert
fat med vaflar til oss og raud saft. Det var dei beste vaflane og den beste
raude safta vi nokon sinne har smakt, og vi kosa oss storleg i hyggeleg lag ute
på dekk der dronninga brukar å sitte når ho skal kose seg. Gjennom vindauge
kunne vi endåtil sjå inn i den flotte salongen til kongeparet. Vi åt faktisk så
mykje vaflar at noko av foreldra faktisk måtte hente borna sine på kongeskipet
då dei skulle heim etter enda barnehagedag.
Seinare same ettermiddag fekk dei seg ei ny overrasking. Då kom nemleg alle dei kjekke gastane joggande forbi barnehagen.
Barna har no bestemt at dei vil skrive
takkekort til kongen og dronninga og samstundes be fint om å få oppskrifta på
dei royale vaflane. Så kan det no hende at barnehagen kan be dei inn på vaflar neste
gong, og då hadde det jo ikkje skada at dei kongelege var med.

Ein kongeleg vaffelsteikar?

