Bokhandlaren støttar seg ved sida av Knut Hamsuns samla verk.
Geir Hovind Frøysedal frå Stryn er i ferd med å etablere ny bruktbokhandel i Volda. Sjølv har han ein mildt sagt brennande lidenskap for litteratur, og har i løpet av sitt liv så langt lest fleire tusen bøker.
Han har ikkje lest si siste bok endå, den nye bokhandlaren i Volda. Det til trass for at han i fjor tok seg eit friår frå studia på Høgskulen for å lese. Det var ikkje rundreise rundt om i verda, fast arbeid eller berre det å ha fri som lokka mest. Året han tok fri brukte han nemleg på å lese bøker, mange bøker. Det vart lite søving og mykje lesing og i løpet av året las han rundt 2000 bøker, anslår han sjølv. Det talet gjer at over fem bøker i snitt vart konsumert per dag. No vil han gjerne at fleire enn han fer auka interesse for lesing.
Dugnad
- Eg og ein kamerat fant i fjor ut at vi skulle starte bokhandel. Først var det berre laus prat, men etter kvart vaks tanken fram til noko konkret. Først i byrjinga av juni i år starta vi planlegginga for fullt. Vi var innom etableringstenesta i kommunen og registrerte oss i Brønnøysundsregisteret. Lokale leiger vi i Storgata, der det har vore bruktbokhandel tidlegare, seier Frøysedal.
Innreiinga av lokala er i full gong, og det meste blir gjort på dugnad. Mellom anna er fleire av bokhyllene i butikken snekra og satt opp av dei sjølve. Dei nye bokhandlarane i Volda set og pris på hjelpen dei har fått av venar og kjende. Det har ikkje blitt satsa hals over hovud økonomisk sett i oppstarten av butikken. Budsjettet er det bokhandlaren kallar ”ei studentlommebok verdig”. Blant bøkene som skal seljast no i byrjinga er fleire av Frøysedals eigne. Etter eit liv med lesing har han rukket å få ei velhalden samling. Men no skal altså mange av dei seljast vidare til nye lesarar. Kanskje må han og selje nokre av bøkene av favorittforfattaren Dag Solstad.

