
Det er kjekt på fotballskule. Her er frå i fjor.
I år som i fjor skal Hovdebygda idrettslag arrangere Tine fotballskule i Hovdebygda. Sidan dei har disponibelt ei bane til i år, har dei utvida påmeldingstalet med 30 plassar.Og nokre av trenarane vert proffe spelarar frå eliteserielaget til Aafk.
- Hovdebygda IL skal nok ein gong arrangere Tine fotballskule. I år skal fotballskulen sparkast i gong 4. september og varer til 5. september. Fotballskulen er for 1. til 7. klassingar og alle som er innan den alderen kan melde seg på. Om du er frå Volda, Ørsta, Ulsteinvik, Molde eller andre stadar, det har ingen ting å seie, fortel Sindre Skurtveit som er leiar aldersbestemt i Hovdebygda IL. - Dette er i eit samarbeid med Mork.
Knapt med plassar
- Det einaste ein må tenkje på er at vi
har berre 130 plassar så her er det om å gjere å melde seg på tidleg. Vi har
ikkje annonsert påmeldinga endå, den vert annonsert laurdag 28. august, men om
det er lag som veit dei skal vere med er det berre å ta kontakt, seier Arild
Holen i Hovdebygda.
Programmet
- A-laget til Hovdebygda skal vere
instruktørar og g16 skal vere assistentar. Det vert aktiv keepertrening,
trening for utespelarar, basisting innan fotball, det vert moglegheit for å ta
ferdigheitsmerke og elles det ein gjer på ein fotballskule. Vi skal ha det
kjekt medan vi spelar saman med vener. Jentene og gutane vert delt inn i kvar
sine lag og etter aldersbestemte grupper. Det vert også matpause og seinare på
ettermiddagen blir kiosken opna så foreldre, besteforeldre, vener og søsken kan
handle kaffi og kaker der, fortel Skurtveit. – Vi har også snakka med Aafk og
dei vil besøke oss med nokre spelarar frå eliteserielaget.
Ei ny bane
- Sidan vi år både skal bruke grasbana og kunstgrasbana
har vi vurdert at vi kunne legge på 30 plassar til i år. Dei andre åra har vi
omtrent hatt 100 påmeldingsplassar og det har alltid vorte fullt. Vi har alt
vorte kontakta av lag i Molde som alltid brukar å vere her om at dei kjem i år
også, så det er kjekt. Vi merkar at det er fleire lag som kjem att kvart år,
noko vi synest er svært kjekt.

