
Fredag morgon fekk Mre.no tips frå Mork rehabiliteringsenter om at mange kvalar var på veg inn Voldsfjorden tett opp mot land.
Grindkvalar har vore eit årleg innslag i vestlandsfjordane og nokre år har Voldsfjorden fått besøk av dei flotte dyra. Måndag i denne veka var ein flokk på 20-30 dyr innom. Fredag morgon vart det meldt om ein ny kvalflokk på veg inn Voldsfjorden. Ekstra spanande var det på grunn av at dyra gjekk tett opp til land forbi Mork og Ekset.

