
Røde Kors har arrangert loppemarknad i Volda i ei årrekkje. Dette er det største årlege enkeltarrangement i Volda sentrum og den største loppemarknaden mellom Trondheim og Bergen. I år går det heile føre seg laurdag 28. august ved Samfunnshuset.
Møblar, sport- og fritidsutstyr, bøker, leiker, samleobjekt, pynt, kjøkkenutstyr og mykje meir er å finne på loppemarknaden som frivillige frå hjelpekorpset, ungdom og besøkstenesta driv.
- Dette er eit populært tiltak, og eit par tusen er innom i løpet av dagen. Her får ein gjort gode kjøp, fortel Harald Engeset, leiar i Volda Røde Kors. Han legg til at dette er hovudinntektskjelda for lokale aktivitetar og oppfordrar alle til å ta turen innom.
Populær blant studentar
Spesielt populær er loppemarknaden for dei mange studentane og flyktningane som er busett i Volda, og ikkje har fullt så god råd.
- Men også mange andre som tenkjer på gjenbruk og ynskjer å støtte dei humanitære aktivitetane vi driv, vitjar oss. Er ein heldig, finn ein gamle skattar eller perfekte samleobjekt, fortel Engeset.
Gammalt og godt
- Vi har allereie fått inn flotte utskorne stolar, eit påskekort med 20-øres frimerke frå 5.april 1945, ei bok frå 1920 om korleis redde ekteskapet, diverse utstyr og ski frå gamle Volda skifabrikk, gammal bibel frå 1850-åra, artiklar frå gamle Volda-butikkar og mykje, mykje meir, fortel Odd Martin Velsvik, nestleiar i Volda Røde Kors.
Innsamlingsveke
Innsamlinga av lopper skjer i veke 34, kvar dag frå 23. til 26.august. Voldingane vert oppfordra til å sjølv levere loppene på Røde Kors huset. Men treng ein å få det frakta eller har andre spørsmål, kan ein ringe Volda Røde Kors.
- Vi må vere litt strenge på kva vi tek imot, for vi kan ikkje vere ein stad for å dumpe søppel, understrekar Engeset. Røde Kors tek ikkje imot kle, «brunevarer», «kvitevarer» eller møblar som er slitne og øydelagde.

