
Måndag vart det sprengt hol i den siste
av dei mindre tunnelane i Kvivsvegsambandet. Det var gamleordførar i Ørsta som
stod som skytebas. På fotoet øver han på "FYR HER!"
- Dette er milepelar mot ei betre utvikling
for regionen, slo han fast.
Denne tunnelen som i plansamanheng er kalla Kalvatntunnelen, er godt 1600 meter lang og fekk sitt gjennomslag med ein vellukka salve oppe på Kalvatn. Frå utgangen der er det berre nokre få hundre meter bort til innslaget på sjølve Kvivstunnelen.
Frå før har det blitt gjennomslag i Damfosstunnelen og Fyrdsbergtunnelen.
Drivinga av den 6.490 meter lange
Kvivstunnelen er godt i gong.
Det var god stemning då gjennomslagssalva vart avfyrt. Her folk på skiftet. (Foto: Statens Vegvesen/Gro Kjoss Lynge)
Mange hadde møtt fram for å oververe sprenginga. (Foto: Statens Vegvesen/Gro Kjoss Lynge)
(Foto: Statens Vegvesen/Gro Kjoss Lynge)

