
Audien hamna oppe i vegskråninga på øvresida av vegen. Volvoen stod om lag midt i vegbana etter at føraren så vidt greidde å unngå frontkollisjon.
Fredag ettermiddag like etter 16.30 krasja to bilar ved Sanitetshuset i Volda. Eit vitne som såg ulukka seier at det var flaks at det ikkje vart front mot front.
Ein Audi på veg mot Volda kom over i feil køyrebane og styrte rett mot ein Volvo som var på veg mot Eiksundsambandet.
- Eg såg audien kome over i feil køyrebane og var på veg rett mot volvoen som låg eit stykke fram om meg. Føraren i volvoen greidde heldigvis å svinge unna slik at audien passerte mellom volvoen på hans høgre side! Audien forsvann så utfor vegen på oppsida, fortel Johann Folkestad og berømmar føraren av volvoen.
I volvoen sat ei familie på fem, i audien var der ein person.
Sjukebilar kom raskt til staden og frakta barna til sjukehus. Etter opplysningane Møre fekk på ulukkesstaden dreia det seg truleg om sjokkskadar.
Det danna seg køer på staden, brannvesenet fekk dirigere mykje trafikk innover Gamlevegen. Kl. 17.30 var redningsbil komen til staden for å fjerne bilane.

