Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Klare for Volda

Klare for Volda: Irmelin Uttisrud og Stine Dybdahl.

Nye hordar av studentar har i desse tider funne vegen til Volda. Tysdag var det opning av det nye skuleåret på Berte Kanutte-huset, og det med koret Team Simone som musikalsk trekkplaster. Her skorta det ikkje på glade fjes som vonefullt ser fram til å gå i gang med studietida si ved Høgskulen.

På Berte Kanutte-huset var det denne veka offisiell opning av skuleåret 2010/2011. Det var i år som kvart år både prominente talarar og artistar på podiet. Team Simone, koret frå Volda som vart allemannseige då dei var med i fjernsynsserien ”Det store korslaget”, stod for det musikalske innslaget. Sjølve korleiaren frå den serien, den landskjende vokalisten og tidlegare Volda-innbyggjaren Simone Larsen, kunne diverre ikkje vere til stades. Men koret beviste at dei har musikalske musklar til å stå på eigne bein, og fylte Berte Kanutte-huset med song frå sine klokkeklare røyster.

Forventningar
Irmelin Uttisrud og Stine Dybdahl skal byrje på høvesvis Drama og Sosionom-studier i haust. Dei samtykkjer i at det generelt gode sosiale miljøet i Volda gjorde at dei flytta hit for å studere.

- Eg valde Volda fordi eg hadde høyrt mykje positivt om staden av venar og kjente, seier Stine. Ho ser fram til å treffe mange nye menneske og bli kjent med dei. Det kan venninna som sit ved sidan av vere einig i.

- Den sosiale biten var hovudårsaka til at eg flytta til Volda, fortel Irmelin. At Volda er ein liten stad ser dei ikkje på som noko problem. Om dei skulle ynskje avveksling av det litt meir urbane slaget, er ikkje Ålesund så langt unna, meiner dei.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.