
- Dei seier at det vert Volda sin største kunstattraksjon, siterer Olav T. mange av dei som har vore på Botnasetra og både sett og ikkje minst opplevd den erotiske do-kunsten hans. Inspirasjonen som har drive kunstnaren er eit aldri så lite opprør mot all anstendigheita som er å finne på Vestlandet.
Hagegartnar Olav T. er kjend for å bruke materiale frå naturen. For tida bur han på idylliske Botnasetra der den kreative mannen ikkje greier å sitte med hendene i fanget. Dermed har det vakse fram ein liten og spesiell ”park” der oppe på setrevollen, for det meste bygd av naturmateriale. Og det som ikkje direkte er henta frå naturen er resirkulert.
Park med utedo
På ei flate med flott utsikt over
Volda, har han laga til ulike installasjonar i stein, og danna ein koselig
liten park med flott utsikt over Volda. Godt tilbaketrekt har han bygt noko som
ser ut som eit godt og gammaldags utedo. Men det er berre på avstand det er av
den gode og gamle typen. Eit nærstudie avslører at det er både eitt og hitt som
bryt med ”gamledassen”, der vekeblada låg stabla i bunkar som både dopapir og
lesestoff. Olav T har teke øks og spikkekniv i bruk for å putte inn eit
substitutt i staden for vekeblada og den underhaldande faktoren har blitt
treskjerarkunst. Men ikkje av den typiske trauste norske. Ein kan mistenkje den
bereiste kunstnaren om å hente inspirasjon frå grekenland, sjølv om han visst
nok ikkje har vore der.
Fandenivoldsk
Olav T. innrømmer at han var litt
fandenivoldsk då han gjekk i gong med utsmykkinga av utedoen. – Men eg føler at
eg har hatt med meg ein god porsjon humor også, legg han til.
- Med utedoen ønskjer eg å utfordre svartsynet, innsnevra livssyn og dobbeltmoral. Og ikkje minst det faktum at det er heilt i orden å vise kvinnepuppar og lår. Kjem ein med store mannslem vert tonen ein annan, seier Olav T som ikkje er redd for at moralistar skal nagle han. – Eg føler at prosessen faktisk har vore frigjerande. Her i Noreg er vi så forsiktig med alt slikt, noko som viser kor innsnevra vi er. Dette har blitt til i ein reaksjon på all anstendigheita, men med humoristisk tone. Uansett så må folk få lov å legge i det akkurat det dei vil.
Frognerparken
Olav T viser til ein av Noreg sine
store turistatraksjonar.
- Sjå berre til Frognerparken, kva er ikkje der av skulpturar? seier han om den utfordrande erotiske biten av utedoen med ein snev av humor i stemma. Han fortel at det er folk som kjem opp og ser kva han har laga som kallar det for kunst, han sjølv er litt avslappa til om det er ”kunst” eller noko anna.
- Men når alle andre kallar tinga sine for ”kunst” så må eg også få gjere det. Kanskje burde utedoen kallast for Volda sitt svar på Frognerparken? Seier han lattermildt.
Uanstendig?
Doloka på den doble utedoen, er forma
som hjarte. Døra har fått symbol på både Yin og Yang, i tillegg ei symblolsk
dørslå som skal illustrere kyskheitsbelte og så eit lynsymbol heilt oppe. – Det
har eg kalla: ”Når lynet slår ned i dritaren”, fortel Olav. Inne er det her og
der plassert utskjeringar inspirert frå det erotiske.
Midt mellom do-hola er der plassert ein stor penis til handtak.
- Er ikkje dette på kant til å
verte oppfatta som uanstendig?
- Nei, kvifor skulle det vere det? seier
Olav T. - Det er eit godt handtak å halde seg i. Rett skal vere rett, eg har
høyrt nokre hyl over setrevollen når kvinnfolka har kome inn. Berre ei har sagt
at det var motbydelig, dei aller fleste har sett humoristisk på det. Mange har
kome eins ærend for å sjå. Då to flotte ”bedehusdamer” besøkte doen hauka og lo
dei. Dei syntest det var storarta.
Protest
- Eg har faktisk berre fått ein
negative reaksjon. Folk kan legge alt det dei vil i tankane mine. Uansett:
Dette er ein humoristisk protest mot det svartsynte og innsnevra livssynet. Eg
veit korleis dei aller fleste vert når dei berre reiser langt nok heimanfrå og
kan more seg over utfordrande ”kunst” i utlandet. Om det vert negative
reaksjonar til ”kunsten” min, ja, så veit ikkje eg. Moralistar kan la vere å
sjå den, seier Olav T. som håper at ”kunstverket” hans får stå i fred. –Og for
å ta den heilt ut så høyrde eg i radio at norsk sædkvalitet er den dårligaste i
verden. Oppfordringa mi må vere: Gå til fjells og bli inspirert og få
sirkulasjonen i gang!

