Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Politiet burde stoppe festen!


Svein H. Arnesen er sint etter at den offentlige badeplassen på Årneset har blitt tilgrisa og rota til med mellom anna farlige glasskår. No refsar han politiet på grunn av at dei ikkje stoppa ungdomsfesten då dei vart tilkalla på grunn av bråk.

Tysdag kveld og inn i dei små nattetimane onsdag var det ungdomsfest på Årneset.

- Politiet vart tilkalla, trass i at dei såg at svært mange av festdeltakarane var ungdomar, stoppa dei ikkje festen. Det burde dei ha gjort, seier ein irritert Svein H. Arnesen i Volda kommune. Onsdag hadde kommunen mykje arbeid med å plukke opp farlige glasbrot frå den offentlige badeplassen.

- Å stoppe ein så stor fest er eit kapasitetsspørsmål, seier politiet og dreg også i tvil om det ville bli roligare om dei skulle tvangsoppløyse ein fest på mellom 100-200 deltakarar.

Les meir i Møre torsdag 19. august.

 Årneset fri for glasbrot

 På ”fjesboka” er fylgjande gruppe oppretta:

”Me som vil at ungdomen skal rydde Årneset for glasbrot!!!

Har høyrt at det har vore festlegheiter på Årneset dei første 17. dagane av mai, og det er lett å legge skulda på dei med blå og raude uniformar desse dagane. Vi trudde og håpte at det stemde at dei hadde rydda opp etter seg. Men det flyt av glasbrot. Synes verkeleg at ungdommen bør ta seg ein KRAFTIG dugnad og rydde opp alt dei finn! Ta med gode river/raker og ta nokre timar i lag!! Det kan vere både sosialt og kjekt!

Hadde de likt om me hadde strødd volleyballbana med glasbrot kanskje?? Når borna seier dei ikkje har lyst på Årneset for å bade, grunna so masse glasbrot - då er det gått for langt!!! Gjer ein innsats og vinn masse godvilje hjå bygdefolket!! ;)”


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.