Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

I fem til sju knop over Biscaya


No vert det landliv i Spania før Anders Lundberg, Trygve Haram og Henrik Yksnøy set turen vidare sørover. I tillegg har Øystein Hjorthol Opedal mønstra på.

Måndag morgon gjorde vikingane på segltur strandhogg i La Corona. No vert det landligge i nokre dagar før dei set kursen endå lenger sør.

Karane om bord i Fri Inspirasjon kjem stadig på sørligare breiddegrader. I Dublin hadde dei mannskapsbytte og Øystein Hjorthol Opedal mønstra på medan Erik S. Hansen måtte tilbake på jobb. Trygve Haram, Anders Lundberg og kaptein Henrik Yksnøy var med då dei la ut.

Mot straumen
- I Dublin vart vi anbefalt å stoppe i Kilmore Quay, berre 12 timar sør for Dublin. Det viste seg å bli over 24 timar for oss, sidan vi ikkje traff straumane heilt optimalt, fortel Yksnøy. – Men etter to døgn i Kilmore Quay var vi klare for Biscaya. Meldingane var gode og vi kasta loss onsdag føremiddag.

God vind
Då karane gav seg i kast med Biscaya hadde dei vergudane på si side og surfa avgarde.

- Vi hadde stort sett vinden bakfrå heile vegen og gjorde mellom fem til sju knop. Det var rolige dagar som stort sett gjekk i eitt, er meldinga Møre har fått frå kapteinen.

Fiskelukke
Ute på verdshava kan det vere både kjekt og spanande å prøve fiskelukka, og fangsten ein gjer seg der kan vere til stor skilnad i høve fiskesortane ein dreg over ripa i Voldsfjorden.

- Det store høgdepunktet på denne etappa var då dorginga endeleg gav resultat. Sena rasta ut og alle mann kom på dekk i ei voldsom fart. Etter ei stund viste det seg at vi hadde ein tunfisk på kroken, og vekta bikka akkurat 10 kg, seier Henrik.

For dei som lurer på kven som kokkelerte så fortel Henrik at Anders imponerte med den første fiskemiddagen om bord. - Ei fiskesuppe har aldri smakt betre med så fersk fisk.

Land i sikte
-Søndag ettermiddag såg vi kysten av Spania og sette kursen mot La Corona. Tidlig måndag morgen la vi til kai og mannskapet sovna relativt raskt. No ventar eit par rolige dagar her i La Corona før vi set kursen vidare sørover, seier Yksnøy.

Ruta vidare
Ruta vidare går til Grand Canaria, Kapp Verde, Barbados, litt øyhopping i Cuba og Bermuda før dei svingar heimom via Azorane.
Følg med på turen i Møre.


Denne etappa for karane på tur gjekk frå Dublin til La Corona i Spania. (Kart: Google Earth).


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.