
Fenomenet med at det kjem damp ut av Eiksundtunnelen har ført til fleire brannutrykningar. (Foto: Liv Jorunn Nyhagen)
Fredag kveld i 22-tida vart det meldt om røyk frå Eiksundtunnelen.
Etter kontroll viste det seg at det var damp og ikkje røyk. Dermed vart utrykninga frå Volda brannvern avblåst.
Både laurdag og søndag kom det fleire meldingar om røyk som førte til at brannvern og politi måtte rykke ut.

