Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fredag den 13.: Bilbrann i ferjekøa


Malvin Kile og Stein Husevåg frå Volda brannvern var raskt på pletten då M/F Folkestad melde om bilbrann i ferjekøa.

Klokka 13.13 fredag den 13. august gjekk brannalarmen hjå Volda brannvern. Ein bil hadde byrja å brenne i ferjekøa på Vikeneset.

Det var billettøren til Tide AS som oppdaga brannen i motorrommet på den eldre campingbilen då ho gjekk rundt for å billettere. Ved hjelp av andre snarrådige bilistar fekk den uheldige sjåføren hjelp til å sløkke flammane og trille bilen ut av ferjekøa. Brannen var sløkt då Malvin Kile og Stein Husevåg frå Volda brannvern, kom til staden få minutt seinare. Dei var hjelpsame med å skaffe redningsbil, då det ikkje vart anbefalt å reise vidare med dette køyretøyet.

- Eg er takksam for hjelpa eg fekk, og er glad dette ikkje skjedde inne på ferja, seier sjåføren, som ynskjer å halde ein låg profil. Han fortel at bilen har gått jamt og trutt i heile sommar, så han veit ikkje kva som utløyste brannen denne dagen

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.