Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fleire ledige tomter på Øvre Mo

Byggefeltet på Øvre Mo i Ørsta har byrja å ta form. Mange har alt flytta inn, medan andre er undervegs.

For om lag eit halvt år sidan vart tomtene i det nye byggefeltet på Øvre Mo i Ørsta lagt ut for sal. Det var fleire som ville busetje seg her oppe og tomtene gjekk som det susa, no er det berre få att.

-    Det er att seks ledige tomter og tre andre er reservert. Då vi la tomtene ut for sal la vi ut 42 tomter. 25 av desse var rekna for einebustadtomter, fortel fugerande teknisk sjef ved Ørsta kommune Svein Silseth.
– Eg er ikkje overraska over at interessa har vore så stor for det har vore eit stort behov for nye bustadtomter i Ørsta.

Tomteprisar
-    Ei tomt på om lag 700 m2 kostar om lag kroner 352.300,- og ei tomt på 1.000 m2 på om lag 449.400. I tillegg til kjøpesummen kjem kostnadar med oppmåling, dokumentavgift, administrative gebyr og tilknytingsavgifter som til ei kvar tid gjeld, fortel han.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.