
Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Yngve Vadstein og deira to søner Andreas (2 ½) og Johannes (5) har byrja å bygge i det nye Bratteberg-feltet i Volda.
Det nye bustadfeltet i Bratteberg er i full utbygging. Etter eit halvt år er allereie to areal for konsentrert utbygging og 13 einebustadtomter tildelt. Tomtene er sørvendt og har flott utsikt over fjell, fjord og vatn.
- Det har vore stor etterspurnad etter tomtene og søknaden har vore jamn sidan vi la dei ut. Mange har allereie byrja å bygge medan andre held på med rydding av tomtene. Tomtene er flotte, solrike og har flott utsikt, fortel ansvarleg for dei kommunale tomtene i det nye bustadfeltet Eli Øye Vassbotn.
Fleire ledige
Sjølv om fleire av tomtene er selde er
det framleis tomter ledige.
- 22 einebustadtomter er framleis
ledige og eit areal for konsentrert utbygging. Tomtene vi sel er rimelige,
rimeligare enn tomtene som vert selt på Øvre Mo i Ørsta. Tomteprisen i
Bratteberg feltet vil ligge på om lag kr. 296.800,- inkl. oppmåling og
tinglysing av målebrev for ei tomt på 790 m2 . Dette vil eg
seie er ein god pris, fortel Vassbotn.
Perfekt plass
- Vi synest denne tomta er heilt midt i
blinken for oss. Det var ei rimeleg kommunal tomt, her er fantastisk utsikt,
det er gå-avstand til skule og det er lunt. Vi har også flotte turområde rett
bak huset, fortel Anne Marta Vinsrygg Vadstein. - Det er fleire som har spurt
oss om det ikkje er for langt oppe i forhold til sentrum, men det synest ikkje
vi. Det er ikkje så langt når vi først har kome opp her. Det virka lenger før.
Gler seg
- Vi alle fire gler oss veldig til å
flytte inn. Forhåpentlegvis skjer det til påske neste år, fortel ho og snakkar
på alle sine vegne: mannen Yngve Vadstein og deira to søner Andreas (2 ½) og
Johannes (5).
Huset vert på tre etasjar og er om lag 70 m2 i grunnflate.

