Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Motorsykkelulukke ved Bjørnaset

Motorsykkelen byrja å brenne etter utforkøyringa. Foto: Liv Jorunn Nyhagen.

Ein mann i midten av trettiåra miste kontrollen over motorsykkelen og køyrde utfor vegen ved Bjørnaset tidleg torsdag kveld. Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut. Mannen skal ikkje vere alvorleg skadd.

Det var ingen andre involvert i ulukka. Vitne på staden har opplyst til politiet at motorsyklisten ikkje heldt høg fart. Mannen var tilsynelatande uskadd då ambulansen kom til staden, men han vart tatt med til sjukehus for ein grundig sjekk. Dekka på sykkelen byrja å brenne etter ulukka, og motorsykkelen er heilt utbrent. 

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.