Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kring 100 på hybel-venteliste


Heltne studentheim er fullt utleigd kommande semester, det same er Studentsamskipnaden sine andre butilbod til studentar (arkivfoto).

Rune Aasen ved Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) melder om stor interesse for samskipnaden sine utleigebustadar no før skulestart. Rundt 100 personar står på venteliste i dag.

- SfS har ikkje nokon ledige bustadar no på denne tid. Alt som vert ledig vert fortløpande delt ut etter interesse, fortel Aasen. Det er i dag rundt 100 personar på venteliste, men det karakteriserer Aasen som heilt normalt.

- I fjor var det fleire, legg han til. Aasen meiner at med ei såpass kort venteliste og ein god privat utleigemarknad så bør alle studentane ved Høgskulen i Volda finne seg ein plass å bu før skulestart.

- I Ålesund skal SfS snart i gang med å bygge fleire nye studentbustadar. I Volda er standarden på eksisterande bustadar god, forklarar han, og viser til at  studentblokkene på Porse og på Heltne nyleg er renoverte.

- Kva skjer dersom det kjem studentar til Volda utan ein plass å bu?

- Det har hendt at vi har laga til kriseløysingar og lagt folk i sovesalar. Vår erfaring er likevel at det ordnar seg som regel med hybel til alle til slutt, sjølv om det kan sjå mørkt ut ei tid før skulestart, forklarar Aasen, og legg til at privatmarknaden er viktig.

SfS har i følgje si nettside 402 hyblar/leilegheiter i ulike storleikar plassert kringom i bygda. Det fins bustadar som passar både for single, par og familiar.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.