
Jonas Kvalen i duell mot Sveits ved nettet. Foto: Jørn Kvalen
Jonas Kvalen (18) frå Volda og Lars Fredrik
Tvinde (18) frå Førde er det einaste norske laget i hovudrunden i
sandvolleyball VM U19 i Porto i Portugal.
I går fekk det norske laget ein god start i VM U19 då dei
slo Sveits 2-0 (21-13, 23-21) etter imponerande innsats og
solid spel i mottak og angrep. Dette lovar godt for dei to neste
kampane i puljespelet, der dei laurdag møter tøff motstand frå
stornasjonane Polen og Tyskland.
Ingen av dei andre tre norske laga kvalifiserte seg til spel i hovudrunden.
Begge jentelaga vann og tapte kvar sin kamp, og Norge 2 sitt gutelag
tapte mot Latvia.

