
I desse dagar tek Fjord1 Buss Møre i bruk femte generasjon nattbussar. Bussane har tryggleiken i fokus, og det er setebelte på alle seter.
Møre-ekspressen
har gått som nattrute mellom søre Sunnmøre og Gardermoen/Oslo sidan hausten
1993, og fraktar årleg i overkant av 20.000 passasjerar over Strynefjellet. I desse dagar tek
selskapet i bruk femte generasjon nattbussar.
- Dei to nye ekspressbussane representerer ei investering på 6,5 millionar kroner.
Med dei nye bussane tilbyr selskapet kundane enno betre setekomfort og
tryggleik ved at alle seter har montert trepunkts setebelte, heiter det i ei
pressemelding frå Fjord1. Bagasjekapasiteten er også auka i høve utgåande
bussar.
Kortare reisetid
- Motorane er av det best miljøoptimerte som finst på marknaden og har dermed svært lave utslepp. Sjåførane har pause på Kvam i begge retningar og under denne stoppen er det viktig å halde rett temperatur inne i bussen. Ein er no i ferd med å etablere eit opplegg for straumtilførsel til bussen slik at ein kan halde i gang klimaanlegget utan at motoren treng gå på tomgang, heiter det vidare.
Etter opninga av Eiksundsambandet har Møre-ekspressen fått korta inn reisetida til/frå Ytre Søre, og når Kvivsvegen opnar vil ein kunne redusere tida for majoriteten av kundegrunnlaget for ruta. Bussane som no er komne på vegen skal etter planen trafikkere ruta i fire år framover, og Fjord1 Buss Møre vonar bussane skal skape grunnlag for vidare trafikkvekst i tida som kjem.

