Den
nye brannbilen er på plass i Volda. Brannbilen er spesialbygd på eit
Scania chassis. Den er produsert i Flekkefjord, og vart køyrd heile
vegen til Volda. Sjåføren var full av lovord om køyretøyet.
Det var Ole Kristian Olsen frå Egenes Brannteknikk AS som fekk æra av å sitte bak rattet på den lange turen.
- Det er ein svært god bil å køyre, slår han fast.
Nøgd brannsjef
Utanfor brannstasjonen hadde det troppa opp ein bra gjeng med skodelystne brannmenn, og i spissen stod brannsjef Svein Arnesen. Han var svært nøgd med nyinvesteringa, og understreka at han var kry på vegner av Volda kommune.
- Bilen kosta i overkant av fire millionar kroner, og desse pengane løyvde politikarane i 2009. Byggeprosessen har teke rundt halvanna år, forklarar Arnesen. Sjølv om bilen no er på plass ved Volda brannstasjon, vil den ikkje gå ut i operativ teneste før etter ferien.
- No vil vi starte arbeidet med å flytte over utstyr frå ”Redningsbilen”, og så vil vi nytte tida framover til å bli kjend med det nye køyretøyet, forklarar brannsjefen.
Skodelystne brannmenn troppa opp for å studere den nye brannbilen. Heilt til venstre i rutete jakke er Ole Kristian Olsen.
Velutstyrt, signalgul bil
Brannbilen rommar 3.000 liter vatn, samt ein skumtank. Den er utstyrt med aircondition, vinsj og har vasskanon på taket. I tillegg er den godt synleg med sin signalgule farge.
- Dei gamle brannbilane var raude, men denne fargen viste ikkje godt nok att. Det er sett fram krav frå EU om at alle nye brannbilar skal vere gule, forklarar brannsjefen, som meiner Volda kommune har fått ein komplett bil for pengane.
- Denne bilen vil vere god å ha i kommunen, og den vil lette arbeidet til brannmannskapa. Brannvesenet har etter kvart fått mange store oppgåver; det er ikkje berre ved brann vi må rykke ut. Vi skal bistå både ved ulukker og forureining, og det er stilt krav til utstyret vi nyttar, fortel han. Ein brannbil bør ikkje vere over 15 år gammal. Den gamle hovudbilen til Volda brannvern har no passert 20 år.

