Sindre Dyrhovden (15) skal vere med på landslagssamling i Drammen i august. Foto: Ove Krumsvik.
Som den einaste frå Møre og Romsdal er Sindre Dyrhovden (15) frå Volda plukka ut til ei landslagssamling i handball. Det er stort.
Nyleg var han på talentsamling i Trondheim. Der var dei 35 spelarar frå Midt-Noreg samla i tre dagar. Åtte vart plukka ut til å vere med vidare til landslagssamlinga for gutar født i 1995 som skal vere i Drammen i august. Sindre var ein av dei.
- Det betyr mykje. Eg spelar både fotball og handball, men handball er kjekkast. Det er den eg kjem til å satse på. Eg har lyst til å bli proff, fortel han.
40 spelarar frå heile landet skal vere med på landslagssamlinga.
- Det blir mykje styrketrening og ulike testar. Eg trur det blir slik at nokre av oss vil gå ut etter kvart. Det vil bli fleire samlingar, og til slutt vil dei stå att med eit landslag. Så no er det berre å legge seg i hardtrening og prøve å bli ein av dei som blir tatt ut til slutt.
Les meir i Møre fredag 23. juli.

