
Ved
Høgskulen er avdeling for kulturfag og avdeling for mediefag om lag fulle, men
det er for få søkjarar til utdanningar som lærar, sosionom og
barnevernspedagog.
- Talet på ledige studieplassar i Volda er om lag det same som før, men utviklinga er negativ for studieløpa grunnskulelærarutdanning, sosionom og barnevernspedagog, fortel høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
På same tid er utviklinga positiv for avdeling for kulturfag, der nær sagt alle plassane vert fylt opp. Avdeling for mediefag er òg framleis svært populær.
- Her får vi fylt opp alle plassane. Særs gledeleg er det at søkjartala har vore så gode for studiet Media, IKT og design som berre har vorte meir populært med åra, kan Kjøde fortelje. Høgskulen har no stor pågang frå folk som vil sikre seg studieplassar.
Uroa for låge søkjartal
Høgskuledirektøren
ser med uro på utviklinga ein ser i søkjartala på lærarutdanninga.
– Nytt av
året er at det er to studieløp for lærarstudentar, eit som kvalifiserar for
undervisning i frå 1- 7. klasse, og eit for 5.- 10. klasse. Det er særleg få
søkjarar til det siste løpet, noko som er ein trend i heile landet. Dette er eg
uroa for, slår han fast, men legg til at kvaliteten er god på dei studentane
som har får plass på lærarutdanninga i Volda.
Det trengs også fleire søkjarar til sosionom- og barnevernspedagog.
- Eg ynskjer at fleire ville velje desse naudsynte utdanningane, og håper fleire kjem til no når desse ligg på restetorget, avsluttar Kjøde.
Her er dei
ledige bachelorgradene og årsstudia i Volda:
Bachelor i historie, kultur og samfunn
Bachelor i planlegging og administrasjon
Bachelor i sosialt arbeid - Barnevernspedagog
Bachelor i sosialt arbeid - Sosionom
Bachelor, Førskulelærarutdanning
Bachelor i språk og litteratur
Digital kompetanse
Engelsk årsstudium
Historie årsstudium
Historie årsstudium - deltid
Grunnskulelærarutdanning 1 - 7
Grunnskulelærarutdanning 5 - 10
Matematikk i grunnskulen, årsstudium
Naturfag i grunnskulen, årsstudium
Norsk (nordisk) årsstudium
Norsk (nordisk) årsstudium - deltid
Religion, livssyn og etikk (RLE) årsstudium
Samfunnsvitskap årsstudium
Skuleretta
samfunnsfag årsstudium
I tillegg er det ledige plassar på 19 nettstudium, 24 halvårstudium, 11 fordjupningsstudium og 14 master- og vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda.

