Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Toalett for badeglade


Ordførar Gudny Fagerhol gløttar på dodøra for Møre. Her på Vekslet er toalettet no universelt utforma. På Vatnevatnet og Raudøya er det sete opp heilt nye toalett, og på Hovdevatnet er toalettet oppgradert.

Gudny Fagerhol er inne i si siste veke før ferien og håpar finevêret snart vil kome, for no er det ingen grunn til å ikkje oppsøkje badeplassane i Ørsta.

- Vi har no rusta opp toaletta ved Hovdevatnet og på Vekslet, og dessutan er det sett opp flunkande nytt toalett ved Vatnevatnet, seier Ordføraren i Ørsta. Ho fortel at det ved Hovdevatnet no ny standar på toalettet, med både straum og ordinære tankar. Ved Vatnetvatnet er toaletta heilt nye, der eit av dei er universelt utforma.

Uroa for hærverk
Ordføraren seier ho håpar folk vil la toaletta stå som dei er.
- Tidlegare har kommunen vore svært plaga med hærverk på offentlege toalett, og eg håpar at vi slepp unna det no, seier Fagerhol som trur dei mest avsidesliggjande toaletta er mest utsett for hærverk.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.