* I dag er den dagen då
forsikringsselskap får innmeldt flest skader.15. juli er den dagen i året då det vert meldt inn flest reiseskadar til forsikringsselskapa. Det viser ein gjennomgang TrygVesta har gjort.
15. juli skjer det over dobbelt så mange skader som ein vanlig dag. Denne dagen skjer 114 prosent fleire skadar enn på gjennomsnittsdagen i heile året.
– Ulykkesskadar, reisesjukeskadar og skadar som gjeld reisegods er overrepresentert om sommaren. Kvar tredje reiseskade skjer i sommarmånadane. Dette heng naturligvis saman med at det er då folk reiser mest. Kvifor akkurat 15. juli er den mest skadeutsette dagen, veit vi derimot lite om, seier Roy Vetaas, reiseskadetalsmann i TrygVesta.
Juli mest skadeutsett
Ni av dei ti mest skadeutsette dagane i året er i juli. Det er serlig første halvdel av juli månad som er mest skadeutsett. Både 1., 2., 3., 4., 5., 7. og 10. juli er på lista over de ti mest skadeutsette dagane i året, viser tala frå forsikringsselskapet.
Her er listen over de ti mest skadeutsette dagane:
15. juli
10. juli
20. juli
1. august
1. juli
7. juli
5. juli
2. juli
4. juli
3. juli
25. desember er dagen i året då det skjer færrast ulykker. Januar er den minst skadeutsette månaden i året.

