
Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann frå Volda rideklubb.
Voldaryttaren og
favoritt, Liv
Jorunn Nyhagen, ligg på førsteplass etter onsdag si konkurranserunde
under
Fjordhest-NM i Ørsta.
Fjordhest-NM onsdag: Første klasse i
dressur under
Fjordhest-NM var også første avdeling i greinmeisterskap i dressur, NM
for
senior og NM for lag er avgjort. Øvst på resultatlista ligg Liv Jorunn
Nyhagen
og Pokemann frå Volda rideklubb. Ho reid eit flott og godt
dressurprogram, og
oppnådde heile 69,877%.
Dette vil seie at Liv Jorunn og Pokemann førebels leiar både greinmeisterskapen i dressur og NM samanlagt, og at Volda rideklubb sitt lag også ligg best an før dei neste klassene. Dei to andre lokale i denne klassa gjorde det også svært godt; Maria Nikkinen Rørstad og Halse Lenda frå Ørsta ride- og køyreklubb fekk femte plass med 60,123%, og Isabell Engjaberg Øye og Brautar frå same klubb fekk sjette plass med 60,000%

