Det er tradisjon at
Naturfestivalen startar siste laurdag i juli. Slik vert det også denne
sommaren
– 31. juli er det offisiell opning i Vikegata Ørsta med både rebusløp,
musikkorps og sykkelløp for born.
Sjå video av våghalsen Eskil Rønningsbakken her.
- I år har vi likevel ein aldri så
liten tjuvstart på festivalen! 29. og 30. juli inviterer vi til kurs i
akrobatikk i Voldahallen, fortel Siri Dahl som opplyser dette. Ho er koordinator for Ørsta Reiselivslag/Naturfestivalen. - Vi er så heldige at vi får besøk av Eskil
Rønningsbakken som er ein balansekunstnar i verdsklassa. Eskil har
balansert på
ulike fjelltoppar og konstruksjonar over heile verda. Han går på line
mellom
høge bygg og har tv-program på Al Arabiya og Globo-TV fleire gonger i
året.
Faktisk er Eskil betre kjent i Midt-Austen og i Sør-Amerika enn her i
Noreg.
Han har mellom anna opptredd for arabiske kongehus. I 2008 sette Eskil
verdsrekord i baklengssykling – han brukte sju timar på å sykle 142,4
km.
Kurset er tilpassa aldersgruppa 8 til 13 år. Det vert ikkje forventa at deltakarane skal kunne så mykje akrobatikk frå før. Ein del av kurset går ut på å øve inn ei lita framsyning til opninga av Naturfestivalen i Vikegata. Det er avgrensa plassar til kurset, så vi oppmodar om at dei som er interessert melder seg på så snart som råd.
Dei som vil sjå meir av Eskil kan også
møte opp ved Høgebrua på riksveg 655 søndag 1. august. Då vert det
balansestunt
over, utanfor og under brua!

