* Eskil Rønningsbakken balanserar på kanten av Flydalsjuvet i Geiranger. Han skal halde kurs i akrobatikk for born i Volda.
Det er tradisjon at Naturfestivalen startar siste laurdag i juli. Slik
vert det også denne sommaren – 31. juli er det offisiell opning i
Vikegata med både rebusløp, musikkorps og sykkelløp for born.
I år har vi likevel ein aldri så liten tjuvstart på festivalen! 29. og
30. juli inviterer vi til kurs i akrobatikk i Voldahallen. Vi er så
heldige at vi får besøk av Eskil Rønningsbakken som er ein
balansekunstnar i verdsklassa. Eskil har balansert på ulike fjelltoppar
og konstruksjonar over heile verda. Han går på line mellom høge bygg og
har tv-program på Al Arabiya og Globo-TV fleire gonger i året. Faktisk
er Eskil betre kjent i Midt-Austen og i Sør-Amerika enn her i Noreg. Han
har mellom anna opptredd for arabiske kongehus. I 2008 sette Eskil
verdsrekord i baklengssykling – han brukte sju timar på å sykle 142,4
km. (Opplysningar frå Wikipedia.)
Kurset er tilpassa aldersgruppa 8 til 13 år. Det vert ikkje forventa at
deltakarane skal kunne så mykje akrobatikk frå før. Ein del av kurset
går ut på å øve inn ei lita framsyning til opninga av Naturfestivalen i
Vikegata. Det er avgrensa plassar til kurset, så vi oppmodar om at dei
som er interessert melder seg på så snart som råd.
Dei som vil sjå meir av Eskil kan også møte opp ved Høgebrua på riksveg
655 søndag 1. august. Då vert det balansestunt over, utanfor og under
brua!
Videoar med Eskil Rønningsbakken:

