Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Vil bygge ein av Noreg sine største skateparkar


Slik ser forslaget til skateparken ut. Om denne vert realisert vert det ein av Noreg sine største skateparkar og den er god nok for NM og Noregcup. Skateparken er tilpassa til både nybyrjarar og erfarne skaterar.

Skateparken i Volda har endeleg fått hjul å rulle på. No er teikningane av den nye parken på plass. - Om denne skateparken vert realiser kjem det til å bety mykje for skatarane i Volda, for attraksjonen og folk som skal flytte hit, fortel Gunnar Andanes.

Skatemiljøet i Volda aukar og etterspurnadene etter ein skatepark er stor. Teikningane ligg no på bordet for korleis ein vil den om lag 900 kvadratmeter store parken skal bli.

- Vi har ikkje nok pengar til å bygge skateparken per i dag, difor treng vi støtte og hjelp frå skatarar, foreldre og andre for å få ned ei gruppe som kan jobbe med og realisere skateparken, samt få inn pengar. Skateparken vil kome på om lag 2 millionar med grunnarbeidet. Frå Volda kommune og ungdomsrådet er det løyvd ½ million til skatepark. Om vi får spelemidlar vil dei dekke 1/3 av utgiftene og med eigeninnsats og andre midlar skal vi klare å få inn ½ million til, seier kultur og næringssjef Gunnar Andenes.

Ein aktivitetspark med nasjonale mål
Andenes ser mange samfunnsmessige fordelar med å bygge ei skatebane som vil sette Volda på kartet og skape ny aktivitet i bygda.

- Kvifor ikkje lage skateparken så fullstendig som mogleg når vi først er i gong. Den vi legg fram planar for er kvalifisert til NM og Noregscup og blir ein av Noreg sine største skateparkar. Dermed ligg alt til rette for å skape aktivitet som vil samle mykje folk, seier Andenes. Han peikar på at dei på grunn av storleiken har oppnådd ein svært gunstig pris på skaterampene, berre på grunn av tankegangen om å skape ein nasjonal arena.

– Det skal også utvidast meir rundt skateparken for å gi tilbod til fleire. Sidan dei store moldhaugane alt er der er det også tenkt å lage ei BMX sykkelløype og eit klatretårn eller noko liknande for dei mindre. Dette skal bli ein aktivitetspark for alle.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.