
Joar Wæhle som bur i Volda tok siger i sykle- og kajakkonkurransen ”Horgi- ned” under ekstremsportveko på Voss. (Foto: Tommy Østby)
Joar Wæhle frå Voss, som til dagleg bur i Volda og arbeider ved Møre Folkehøgskule, tok denne veka førsteplassen i den såkalla ”Horgi- ned” konkurransen under Ekstremsportveko på Voss.
”Horgi- ned” er ei konkurranse som kombinerar ski, sykling og kajakk, men gruna for lite snø var det i år berre sykling og kajakk. Dette er andre året konkurransen arrangerast og Wæhle stakk av med sigeren også i fjor.
-Oppskrifta på å vinne er å vere godt budd og å vere aktiv heile året, seier Wæhle. Han skal bruke dei 4000 kronene han får i premie til å betale ei fartsbot som han fekk i Fløyfjellstunnelen.

