Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Jentebølge gjennom Ørsta


I fjor var det over 400 startande under jentebølgen i Ørsta, i år satsar dei på endå fleire.
Frå venstre: Marita Borgen, Ann-Mari Myklebust, Jeanette Bjerkvik, Line Borgen og Bryndis Aarsæther Storli.

Fredag kveld er det tid for mosjon og gøy i Ørsta sentrum. – Vi gjentek suksessen frå i fjor då over 400 stilte til start, seier Marita Borgen.

Det 5 km lange mosjonsløpet for kvinner i alle aldrar køyrer felles oppvarming. I tillegg vert det musikk og show med Yertle The Turtle som består av Anders Boska, Bendik Follestad og Sindre Aarflot Eikrem, Hip Hop av Emilie Bjerke og Christina Førde og Smacktards frå Volda. I tillegg kjem Liv Grete Skjeldbreid Poirèe.

Mange vil vere med
Marita Borgen i Ørsta IL opplyser at dei har fått melding frå mange om at dei vil vere med. – Den eldste er nesten 80 år og den yngste langt under skulealder. Og så er det lov å ta med barnevogn, så du kan seie at dette er eit løp for alle aldrar. Det vert ikkje konkurrert i tid, det viktige er å delta og ha det kjekt. Det vert lokka med fine premiar, fortel ho.

Løpet vert arrangert i samarbeid med Bislettalliansen.

Endringar i løypa
- Det er små endringar i løypa på grunn av at ”Morkagjølet” er stengt, men vi har funne eit godt alternativ til dette, og den nye løypa er merka. Det vert start og innkomst i Vikegata, fortel Borgen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.