Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Spelte seg inn med blokkfløyte


Mailis Najdorf frå Volda har spelt seg inn til ein studieplass på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Instrumentet er blokkfløyte (arkivfoto). 

Av 1.095 søkjarar, kom 80 gjennom nålauget til Norges Musikkhøgskole si bachelorutdanning som startar til hausten. Ei av dei som spelte seg inn på skulen var Mailis Najdorf frå Volda.

Ho tok med seg blokkfløytene sine og stilte til opptaksprøve i vår. I mai fekk ho beskjeden om at ho hadde kome inn. No gler ho seg.

- Eg har søkt meg inn på utøvande blokkfløyte, og håper på å utvikle meg og lære meg mykje nytt. Eg er den einaste som har kome inn på blokkfløyte i år, men eg veit at der er ei til frå før av, seier Najdorf.

Det var stykka Sonate i a-moll av Händel, Sonatina av Walter Leigh og eit renessansestykke av Jacob van Eyck utført på eksemplarisk blokkfløytevis som var fasiten for å kome seg inn på skulen.

Sjå større artikkel i Møre tysdag 8. juni.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.