Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fann død person i Melshornsida


I 19-tida vart ein person funnen liggande under eit bratt parti i Melshornsida. Hjelpemannskap vart frakta til staden hengande under helikoter i ei line, då dei kom fram kunne dei konstatere at personen var død.

Leiteaksjonen vart starta kl. 13.24 måndag. Både Røde Kors Hjelpekorps frå Volda og Ørsta var med, i tillegg redningshundar og ei meng frivillige. Røde Kors i Ørsta opplyste til Møre at i alle fall så mange som 80 var med.

Politiet sin operasjonssentral i Ålesund opplyser til Møre at personen ikkje er identifisert enno, men at leiteaksjonen er i ferd med å bli avslutta. Staden der personen vart funnen ligg rett nedanfor det som vert kalla Pølsa. Det var spor på kanten oppe på toppen som gjorde at legehelikopteret vart tilkalla frå Ålesund og gjorde umiddelbart funn.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.