Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ford m mimring på Sæbø

Geir Ove Enerhaug inviterer alle bilinteresserte til "Ford m treff" på Bondalselva camping helga 28.-30. mai.

Gamle damer kan sanneleg kome ut for mykje merkeleg! Underteikna vart invitert på biltur av ein flott ung mann 16. mai. Geir Ove Enerhaug (24) stilte med eit blankpolert, lekkert glis og opna bildøra galant for meg. Ein seier ikkje nei takk til slikt!

Men eit problem dukka straks opp; eg fann ikkje bilbeltet!

- Nei, det er ikkje belter i denne typen bilar, men det går nok bra likevel, trøysta sjåføren.

Bilturen var ikkje lang, og bra gjekk det. Sjåføren fortalde og forklarte om alle fantastiske funksjonane denne bilen hadde. Eg skjøna utruleg lite av det heile, men såg at det skein og blenkte over alt. Slik stasbil hadde eg ikkje køyrt i før.

Geir Ove informerte om at dette var ein 1972 modell, og meinte at eg måtte studere vedunderet skikkeleg utanfrå. Ut for å studere og fotografere, og måtte berre innrømme det; her var flotte linjer og utsøkte detaljar.

Far til Geir Ove, Bjarne Enerhaug, kom til og fortalde at han sjølv hadde hatt slike bilar heilt ifrå tidleg ungdom. Då Geir Ove var 8-10 år gamal, kjøpte Bjarne ein Ford 20 m, og denne fekk sønene hans hjelpe han å skrue på.

Geir Ove vart så hekta på bilar og skruar, at han fekk sin eigen bil berre 14 år gamal.

- Det var ein Ford Escort 1987 modell, og var eigentleg berre eit vrak, opplyser Bjarne. Sjølv om den bilen aldri kom ut på vegen, så gjorde han sin misjon; Forden vekte for alvor gutungen si interesse for skruing og ”fine old” bilar.

- Ja, yrkesvalet mitt var lett etter dette; eg ville bli bilmekanikar! Geir Ove stryk kjærleg over panseret på bilen og smiler lurt.

Etter den tid har Geir Ove jobba med bil og har teke fagbrev som bilmekanikar.

-Til denne tid har eg hatt 34 bilar, både nye og gamle. Folk har no så mange rare hobbyar, veit du, smiler den unge Ford-tilhengaren.

Så fortel han at han er medlem i ein bilklubb som tek vare på Ford m modellar i perioden 1952-72. Klubben vart starta i Øystese i Hardanger, og har mest tusen medlemmer i Norge. Dermed er den ein av Norge sine største bilmerkeklubbar.

Møre og Romsdal har si eiga lokalavdeling, og dei held årleg treff på Bondalselva camping siste helga i mai. Treffet er lagt opp slik at det vert eit sosialt møte med felles biltur laurdag føremiddag, deretter vert det felles grilling, konkuransar og mykje godt bilprat.

- Alle er velkomne til å ta turen til Sæbø helga 28.- 30. mai, seier Geir Ove og legg til at folk er like velkomne i nye som i gamle bilar, og uansett kva merke dei køyrer i.

- Ja, sjølvsagt set vi pris på at fotturistar også stikk innom, smiler han og lovar mykje og god informasjon om det herlege framkomstmiddelet Ford m.   



Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.