Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ønskjer kommunalt delansvar for dirigenten


I år vart Volda skulekorps og Volda Hornmusikk samla til eit korps for å ha nok musikantar. No ønskjer Volda skulekorps at delar av dirigentstillinga vert lønna kommunalt.

- Mange la sikkert merke til at Volda skulekorps gjekk saman med Volda hornmusikk i barnetoget og folketoget på 17. mai. Dessverre vart det mindre musikk, men dette var det beste vi kunne få til i år. Volda skulekorps er ein flott gjeng med barn og ungdom, som har mykje trivelig i lag. Men vi skal ikkje stikke under ein stol at korpset slit med rekruttering og med å sikre nødvendig kontinuitet i drifta. I tillegg har vår dirigent gjennom mange år, Ulf Kristiansen, sagt takk for seg etter lang, god og tru innsats, seier Hans Jacob Orning i styret til Volda skulekorps.

Arbeidsgjevaransvar og sosiale utgifter
No ønskjer korpset at dei skal få dirigentlønna betalt gjennom Volda kommune.
- Forslaget er at kommunen har arbeidsgjevaransvaret for dirigenten og dekker sosiale utgifter, men at korpset betalar inn lønna til kommunen. Kommunen sitt bidrag vil i så fall vere til rundt 20.000 kroner per år. Dette er kanskje ikkje ein stor sum, men i eit trangt kommunebudsjett kan det vere vanskelig nok å finne penger til eit slikt formål, er Orning redd.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.