Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

LYST konkurrerte i Bergen


LYST-damene slepp jubelen laus og er glade for å ha gjort det bra i konkurransen. Foto: Tove Halse Digernes.

Damekoret LYST har vore i Bergen og delteke på korkonkurranse. Dei kom på fjerdeplass i si klasse, og er godt nøgde med prestasjonen.

Det var i korkonkurransen Syng for Oss at LYST var eit av 31 påmelde kor. Dei stilte i klassa for damekor, og vart nummer fire av ti.

- Vi er godt nøgde med fjerdeplassen når vi veit at vi er slått av tre av dei beste damekora i Noreg. Vi er stolte over å vere i så celebert selskap, kan kormedlem Tove Halse Digernes fortelje. 

Poengsummen LYST fekk er høgare enn summen andre kor vann med i enkelte andre klasser, og det vitnar om eit høgt fagleg nivå i koret. Lyst er eit damekor med 23 medlemar frå Volda og Ørsta.

Sjå større reportasje i Møre torsdag 20. mai.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.