Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Stor bordtennisklubb med treningshelg


Nokre av medlemane i Volda og Ørsta bordtennisklubb. (Arkivfoto)

Den nystarta klubben i Volda og Ørsta med heimebane i Vikebygda, har på svært kort tid skapt resultat få trudde var mogleg. Medalje i NM for yngre i Bergen og tre titlar i Midt-Norsk Mesterskap (MNM) i Trondheim har gjort at fleire har lurt på kva som går føre seg i klubben sine lokalar på Høgtun.

Torsdag kveld var to av klubben sine medlemar på riksdekkande fjernsyn i form av eit eige dokumentarprogram på 15 minutt, og fredag ettermiddag møtte nok ein gong medlemane opp til ei travel treningshelg på Høgtun.

- Det er nok ingen store løyndomar vi ber på, nei, seier klubbens hovudtrenar Tor Hallaråker, som i unge år fekk kjeft av mor Grethe for å ete middag ståande. - Men det skjer mykje om dagen, det er rett. Såg du TV-programmet om Angelika Fjelly og Tiril Egset Mork på torsdag? Det var god reklame for bordtennis og for klubben, seier Hallaråker, som sjølv måtte sjå programmet i reprise seinare på kvelden fordi han var opptatt med fotballkampen mot AAFK på stadion.

Eit trygt, positivt og levande miljø
-Eg trur det har vore lurt å prioritere å skape eit trygt, positivt og levande miljø for borna. Det er suksessfaktor nummer ein. Så har eg og Rune Gaarder, klubbens andre trenar lagt stor vekt på at alle spelarar, uavhengig av nivå, skal føle seg sett. Difor helsar vi alltid på alle spelarar og foreldre og vener når dei kjem på trening, og introduserer nye for heile gruppa. Alle skal føle seg velkomne i klubben. Vi legg også tid på å følgje opp den enkelte spelar med eigentreningar og positive tilbakemeldingar via sms. Dette betyr ikkje at det er konfliktfritt hos oss, tvert i mot, vi har konfliktar mellom spelarane i større eller mindre grad på stort sett kvar trening og også mellom spelarar og trenarar. Men vi er opptatt av å lære kvarandre korleis vi skal løyse dei og vil heller ha dei fram i lyset i staden for å vere redde for dei. Ofte køyrer vi kamp-pass på slutten av treninga når spelarane er slitne, då er presset størst, og då lærer ein mykje om sitt eige og andre sitt reaksjonsmønster.

Etablere ein treningskultur
- I Volda er symjegruppa kjend for å ha ein god treningskultur dei har innarbeidd gjennom ei rekke år. Sjølv om dei beste i Volda på langt nær i dag trenar like mykje som dei gjorde på 70- og delvis 80-talet, skapte dei fleire gode nasjonale resultat, og fekk også betalt for det i form av landslagsutøvarar som Runa Bakke og Kine Graaner Humberseth. Å få ein landslagsutøvar i bordtennis frå Volda eller Ørsta er nesten umogleg, men berre nesten, seier Tor. - Vi veit svaret om fire-fem år. Eg har tru på at vi kan få utvikle spelarar som kan ta medalje i NM og plassere seg høgt på landsrankinga. Skal vi få til det, må vi utvikle ein god treningskultur mellom 8-12 spelarar som trenar dagleg. I tillegg må vi hente inn kompetanse og sparring utanfrå, noko som er økonomisk krevjande. Sidan 1. mai trenar dei beste fast fem gongar kvar veke, i tillegg til seks-åtte helgesamlingar, to treningsleirar kvar sommar, ekstratreningar og private treningar med meg. Det betyr at dei nærmar seg eit snitt på sju treningar per veke. Orkar spelarane, så orkar eg og Rune, seier Hallaråker.

Ny treningssamling med Sindre Åteigen i helga
Fredag starta den fjerde av i alt ti kontraktfesta samlingar med B-72`s profilerte eliteserietrenar Sindre Åteigen. Denne gong er 17 spelarar frå klubben påmelde, i tillegg til tre frå samarbeidsklubben Hjelset Fram.

- Det er svært viktig at vi hentar inn treningspartnarar som er på høgt nivå. Då skjerpar dei seg og hevar sitt eige nivå under trening. Fredrik Meringdal (10) er truleg landets beste 10-åring, og spelar rundt våre, men vi tek innpå dag for dag, seier ein stolt Tor Hallaråker. - I helga blir spelarane delt inn to grupper, der alle får fem treningspass kvar. Trenarar på samlinga vert i tillegg til Åteigen, Jan Erik Hansen, Rune Gaarder og Tor Hallaråker. Er det nokon som har lyst å følgje ei trening eller deler av denne, er det berre å møte fram, avsluttar Hallaråker, som kan freiste med gratis kaffi og noko å bite i for gjestane.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.