
AaFK supporterar på Volda stadion i 2007.
Som dei fleste har fått med seg skal Volda spele mot regjerande noregsmeister AaFK i sin første kamp i årets NM. No oppmodar Volda VTI voldingane til å stille opp i grønt på stadion.
I morgon går den store kampen av stabelen og supporterane til AaFK ser på Volda som ein lett match.
- Aalesundsupporterane har byrja å gle seg til voldakampen og det første førehandstipset har kome inn: Volda-AaFK 0-6, skriv VTI på sidene sine.
Gøy på landet
Supportergruppa
til AaFK gler seg til
voldaturen og reklamerar med at det vert ”Gøy på landet”.
- I 2007, då vi spelte kamp mot AaFK på Volda stadion vart det mykje oransje å sjå på stadion. No oppfordrar vi folk til å lage stadion grøn, seier Johann Roppen. – Dei som kjem på kampen oppmodar vi til å ta på seg voldagensar, voldajakker eller noko anna grønt for å vise at det er Volda og ikkje AaFK si heimebane. Førebels er det visst berre bestilt minibuss til AaFK supporterane, men som erfart viser dei godt att i publikum.

