Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Trandalbluesen er ikkje død


Gjengen bak Trandalblues: Fv. Kyrre Grimstad, Kjell-Rune Klubbenes, Knut Brekke, Arne Moe og Terje Myklebust.

 Tidlegare i vinter døydde eigaren av Christian Gaard, Frank Storeide. Familien hans satsar likevel vidare på Trandal, og i sommar er det duka for nok ei bratt og blå blueshelg.


- Trandalblues Bratt og Blått er svært stolte og audmjuke over å kunne invitere eit svært eksklusivt knippe med bluesartistar til Sunnmøre. I år trur vi at Trandalbygda verkeleg vert sett på Noregskartet gjennom to hektiske og opplevingsrike dagar, seier Kjell-Rune Klubbenes. Han er ein av initiativtakarane til festivalen.

Store namn
Fredag 2. juli gjestar Reidar Larsen, Sunnmøre R&B Express, Bolga Bluesband og Crank Bros. bluesfestivalen på Trandal. Den veglause bygda i Hjørundfjorden har berre fem fastbuande innbyggjarar att, men Christian Gaard trekkjer likevel fulle hus med særprega aktivitetar. Laurdag 3. juli kjem Seatsniffers heile vegen frå Belgia for å underhalde. Dette er eit av Europa sine mest populære roots rock band. Dei delar kvelden med Woodleg Odd, Old School Blues Revue 
og Bolga Bluesband/Isfjorden Blues Compagni.  Denne ettermiddagen vert det dessutan ettermiddagskonsert med Ung Blues, som består av ulike band frå Blues camp 2010.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.