Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Med kake som hobby


Alltid kjekt med gode vener over på besøk til kake-kos. F.v. Linda Vartdal, Isaac Vartdal og Stine Marie Gulla.

Mange har hobbyar. Nokre likar å lage kort, samle på frimerke, spele instrument og mykje anna. Ein hobby er noko ein kosar seg med og koplar ut frå den masete kvardagen og får gjere det ein verkeleg likar. Stine har ein slik hobby, men kanskje ikkje ein så vanleg hobby.

- Det starta for nokre år sidan då eg skulle lage ei kake til dottera mi Matilde (3), vart eit år. For å først ha prøvd det laga eg ei kake til nabojenta, for ho hadde bursdag rett før. Eg vart veldig nøgd med resultatet og bestemte meg for å lage ei til Matilde sin bursdag også, fortel kvinna som verkeleg har fått dreisen på hobbyen sin.

Tek tid
- Det tek tid å lage ei kake sidan eg laga den frå botnen av, men eg har ein tolmodig sambuar som ikkje bryr seg om det er litt rotete på kjøkkenet nokre dagar, smiler ho. – Eg startar alltid med foundanten som eg ofte lagar av marsmallows, vidare steiker eg kaka. I tilfelle denne ikkje vert bra har eg tid å lage ei ny. Vidare lagar eg pynten som skal på, for den må stivne, så den held seg. Pynten formar eg med utstyr eg har, eller så brukar eg q-tips, tannpirkarar og andre hjelpemiddel ein kan finne i heimen til å få rett form og bøy på, forklarar ho.

Les stor artikkel i Møre torsdag 6. mai og få oppskrift på 17. mai kaka

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.