Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Folkefest i regnet


Sirikit Vågen med borna, Maria, Jonas og Kristiane.

Det var mange som hadde trossa regnet og møtt opp til folkefest i paviljongparken under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen denne helga.

Laurdag 1. mai var festivaldeltakar og bygda samla til folkefest. Dette er sjette året på rad at dok.film inviterte til fest i paviljongparken.

I år kunne dei by på mykje god underhaldning. Blant anna konsert med Merkesteinane og opptreden frå to lokale dansegrupper. Gratis grillpølser og bollar fall i smak hos mange. Blant borna var det tydeleg at ansiktsmålinga var det mest populære.

Sirikit Vågen hadde med seg familien på folkefesten for første gang i år. Ho syntest dette var eit kjempe fint arrangement.

- Det er eit samlingspunkt for bygda under festivalen og me får vist fram det bygda har å by på til dei tilreisande, seier ho.

Eldste sonen hennar, Jonas, meinte at konserten med Merkesteinane var det beste med festen.

Sirikit har endå ikkje fått sett nokon filmar, men utelukkar ikkje at det blir ein tur på samfunnshuset seinare.

Arrangementsansvarlig Kari Rolfsjord fortel at det viktigaste med festen er at borna skal ha det gøy. At det skulle komme regn var ikkje tatt med i planlegginga.

- Det var jo synd med det dårlege vêret for me hadde tatt høgde for litt fleire deltakarar. Men bortsett frå det har alt gått etter planen og folk såg ut til å kose seg, understrekar ho.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.