Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Dokfilm offisielt opna

Regissør Beate Grimsrud fekk æra av å klippe snora då Dokumentarfilmfestivalen vart offisielt opna i Volda torsdag. Grimsrud står bak filmen ”Det pleier å gå bra” som vart vist under opninga. Snorhaldarane var festivalsjef Jon Tonning og produsent Helga Fjordholm.

Festivalen er nummer 14 i rekka, og festivalsjef Jon Tonning lovar publikum både workshops, konsertar og fest i tillegg til dei heile 90 filmane som skal visast i løpet av dei neste fire dagane.

- Det gjer ingenting at veret er litt dårleg, for då fins det nemleg inga unnskyldning for å ikkje kome og sjå film, var den klare oppmodinga frå han.

Beate Grimsrud ønskte alle ein god festival.

- Det er stor stas og stor ære å få opne den einaste reine dokumentarfilmfestivalen i Noreg, sa ho då ho klipte snora.

- Eg ønskjer alle ei god reise med alle filmane.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.