
Jon Georg Dale (Frp) (innfelt) er sterkt uroa om det vert satsa på eitt sjukehus på Nordmøre. Oddbjørn Vatne (Sp) deler ikkje uroa med Dale.
Tysdag stod Jon Georg Dale fram i Møre og var redd for at eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal i neste omgang vil ramme Volda også. Torsdag stod gruppeleiar for Sp, Oddbjørn Vatne, fram i eit lesarinnlegg i Møre og meinte Dale ikkje har følgt med i utviklinga av sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal.
- Det er spesielt og urovekkande det Senterpartiet si fylkestingsgruppe gjer med å ville ha berre eit sjukehus for heile norddelen av fylket, noko som i realiteten er å gå inn for eit sjukehus i Molde. Men når det er sagt, så er eg ikkje det minste overraska, seier Dale som også er helsepolitisk rådgjevar til Frp på Stortinget. - Dette dei kjem med på fylkesnivå, er dei same signala som Sp kjem med til Stortinget. Statsråd Navarsete reiser no land og strand rundt og hyler og klagar om at regjeringa ikkje skal legge ned lokalsjukehus. Men all politikk dei fører, både i Stortinget og også no i fylkestinget i Møre og Romsdal, viser at dei ikkje er opptekne av å oppretthalde lokalsjukehusa, poengterer Dale.
Vil ikkje definere lokalsjukehus
- Som eit motsvar til dette vedtek
landsmøtet til FrP, etter forslag frå stortingsgruppa, ein resolusjon der vi
seier noko om kva eit lokalsjukehus verkeleg er. Og ein slik definisjon vil
ikkje regjeringa lage. Regjeringa vil rett og slett ikkje definere kva eit
lokalsjukehus er. Det fordi at gjer dei det, så er dei også nøydde å seie
noko om kva eit sjukehus skal vere i
framtida. Og det igjen fordi dei vil ikkje oppretthalde lokalsjukehusa. Tysdag
sist veke sa statsministeren at dei ikkje vil legge ned lokalsjukehus, men dei
vil ikkje garantere for føde- og akuttilboda ved lokalsjukehusa. Det dei gjer
då er å fjerne dei viktigaste funksjonane, og då er det vi hevdar at då har vi ikkje
noko lokalsjukehus lenger. Dette viser at regjeringa heilt bevisst legg opp til
å dobbelkommunisere. Dei seier at dei vil oppretthalde sjukehusa, men i alt dei
foretek seg viser dei at dei ikkje er opptekne av det faglege innhaldet ved
landets lokalsjukehus. Etter vårt syn går det ikkje å definere eit
lokalsjukehus til å vere eit tomt bygg der det står sjukehus på veggen. Eit
lokalsjukehus er nettopp det på bakgrunn av dei tilboda som faktisk er der, og
som gjer at folk i distrikta som treng akutt hjelp faktisk kan føle seg trygge,
understrekar FrP-politikaren.
- Oppretthaldast som lokalsjukehus med
alle akuttfunksjonar og fødeavdeling
- Eg trur Jon Georg Dale har vore for
lenge heimafrå og ikkje følgt med i utviklinga av sjukehussaka i Nordmøre og
Romsdal, seier Sp-politikar Oddbjørn Vatne i eit lesarinnlegg i Møre torsdag. -
Sp-gruppa på Fylkestinget gjekk saman med representantar frå Venstre,
Arbeiderpartiet og Høgre inn for at ein ikkje skal starte utbygginga av nytt
sjukehus før eit nytt felles sjukehus er utgreidd. Plasseringa av eit felles
sjukehus skal ta omsyn til geografisk nærleik til byane og tettstadane og
samtidig vere akseptabel for utkantane, skriv Vatne. - I
uttalen står det klart at Volda sjukehus skal oppretthaldast som lokalsjukehus
med alle akuttfunksjonar og fødeavdeling.
Situasjonen i Nordmøre og Romsdal skil seg vesentleg frå Sunnmøre: Det skal byggjast nytt sjukehus. Bortimot
alle kommunane på Nordmøre inkl. Kristiansund går no inn for eit felles
sjukehus. Dei tilsette ved Kristiansund sjukehus vil ha eit felles sjukehus.
Helse Nordmøre og Romsdal lek i begge ender. I nord til Trøndelag og i sør til
Sunnmøre. Styret i Helse Nordmøre og Romsdal vedtok å legge ned akuttavdelinga
(kirurgi) og fødeavdelinga i Kristiansund og overføre dette til Molde.
Frp-representanten Inger Hanekamhaug stemte for denne nedlegginga, minner Vatne
om.
Lite realistisk med to
Utifrå dette finn Sp og Vatne det lite
realistisk at det kan bli to fullverdige lokalsjukehus i Nordmøre og Romsdal.
- Vi ser også at mange av dei som gjekk inn for fleirtalsframlegget denne gongen etter kvart vil gå over til å satse på eitt sjukehus. Det er leitt at Dahle skal bruke ein slik teknikk i sin politiske argumentasjon at han tillegg Sp andre meiningar enn dei har gått inn på. Inger Hanekamhaug har mykje større makt i dette spelet enn ein vanleg fylkestingsrepresentant. Ho har gått inn for nedlegging av eit fullverdig sjukehus i Kristiansund, seier Vatne og legg til at - Uttalen vår om Volda sjukehus er klar.

