
Her er hovudpersonane fanga av dei onde kreftene. Ingrid Vik Henriksen syng ein nydeleg solo.
Årets musikal frå
Volda vidaregåande skule varte så alt for kort. Og det seier vel alt, for når
to timar forsvinn som ”dugg for sola” er det som vert servert på scena
underhaldande.
Onsdag kveld var det
premiere på musikalen ”The World of Oz” på Ørsta kulturhus. I år tok dei
vidaregåande studentane publikum med inn i den virtuelle verden. I løpet av
nokre få opningsminutt skifta Ingrid Vik Henriksen plass frå å vere utanfor
datamaskinen til å gå inn i den virtuelle speleverden. Ho tok plass som Dorothy
og vandra frå databrett til databrett og frå musikkstykke til musikkstykke.
Møtte både skumle og gode personar som ho forkasta eller tok vare på. Ein av
dei, Tor Hallgeir Lande som Rage, var i djevelens person i Emerald city. Med
sterke effektar og hard og symbolisk gitarsolo gjer han det klart kven som har
makta.
Men Dorothy samlar saman gode krefter som saman kan bekjempe det vonde.
Og nok ein gong viste musikkelevane ved Volda vidaregåande skule kva dei duger til. Ein må heller ikkje gløyme lærarkreftene som står bak, for det er nok slik at elevane går vidare medan lærarane blir igjen for å fostre opp nye talent.
Når det gjeld talent er her mange å trekkje fram, hovudpersonane på fire er mellom dei, Ingrid Vik Henriksen, Hallgrim Nybø, Simen Manseth Rebbestad og Oda Bjørke Dypvik. Men også duoen Elise Flakk Nordang og Torstein Kvamme Holum i ”Be a Lion” imponerte. Og ikkje minst den onde; Tor Hallgeir Lande på gitar. Men her er endå fleire.
Dansarane må også spesielt trekkast fram. Her var det ungdommelig kvalitet over både svev og fine, sjarmante dansesteg. Flott og kjekt å sjå på. I tillegg var dansen med på å sette ein prikk over førestillinga.
Orkesteret og koret samansett av elevar, gjorde også ein svært god jobb.
Musikalen står på plakaten både torsdag og fredag.
Fyldig omtale kjem i Møre laurdag.

Dansarane var med på å framheve musikalen. Her representert med Ingvild Myklatun Reite (th) og Aurora Sundnes Skaland.

