
* Runar Gudnason. (Arkivfoto)
Runar Gudnason, tekstforfattar og rappar i bandet ”Side Brok” var ein
av vinnarane av Noregs Mållag sitt stipend på kroner 50.000,-.
-
Nynorsken treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider.
Nynorsk har vunne rom på stadig fleire område i samfunnet, og støtt har
nynorsk vore ein del av avantgarden, sa leiar i Noregs Mållag Håvard B.
Øvergård ved utdelinga av stipendet.
Runar Gudnason ynskjer å skrive
og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og
mangfaldet i den norske hip-hopkulturen. Sjølvsagt på nynorsk. I
søknaden skriv Runar at det ikkje finst brukande bøker på dette området
så ”kvifor skal ikkje nynorsk like godt ta leiinga på dette feltet?”
Styret
i Noregs Mållag er heilt samde og er glade for å gje Runar kroner
50.000,- til arbeidet med å skriftfeste soga og skrive om framtida til
hip-hopen.
Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som skal få dei to stipenda. Prispengane er ei løyving frå Kulturdepartementet.

