
Lars Lothe seier Volda sentrum har plass til stamvegtrase og viser til Stryn som eit godt eksempel.
Lars Lothe har merka seg det som stod i Møre laurdag om stamvegtrase gjennom Volda sentrum. Han kan ikkje forstå kvifor ein skal velje ei dyrare og vanskeligare løysing med Voldatunnelen som totalt vert dårligare enn Sentrumslina.
- Uansett så må vegen gjennom Volda sentrum og Vikane oppjusterast, då vil det vere det mest naturlige at ein rustar opp skikkelig og bygg stamvegen gjennom sentrum med ein gong, seier Lars Lothe og har mange gode argument i ermet.
Øydelegg for mykje på Rotset
Handels- og politikarveteranen Lars
Lothe var ikkje sein om å ”kome seg på banen” etter at Møre tok opp
0-alternativet for stamvegtrase gjennom Volda laurdag. Til no har Voldatunnelen
fått mykje av fokuset, men folk reagerer på at eit stort område på Rotset står i
fare for å bli rasert. Særleg er det grøntområda rundt Stadion og busetnaden i
området folk er redde for skal bli øydelagt. Kva det kan bety for redusert
framtidig utvikling av idretts- og turarena området representerer, er vanskelig
å seie.
Sentrumslina er eit godt
val
- Mellom anna difor er 0-alternativet
eller Sentrumslina eit svært godt val, seier Lars Lothe og peikar på at vegen
allereie går der og at det ikkje vert meir trafikk enn at det er godt ansvarlig
å sende den gjennom eit oppgradert og tilrettelagt sentrum.Han minner også om at ferjekaia vert kryss mellom nord-sør og aust-vest. Dermed må stamvegen gå rett forbi ferjekaia, argumenterer Lothe og peikar på kva det vil bety for ferjefrekvensen over Voldsfjorden.
Trass i at 800 meter i Vikane må få ny og oppgradert veg samt oppgraderingar over Øyraelva, meiner Lothe at dette vert den billigaste løysinga for Vegvesenet og Staten. - I tillegg er det mykje triveligare for bilistane å sleppe og køyre i tunnelen som vil verte omlag akkurat samle lengda som vegen via sentrum og Vikane, seier Lothe.
Sjå større artikkel i Møre tysdag 27. april.

